Tambar tok poeng i sin tredje kamp på rad, då laget spelte uavgjort mot Askvoll/Holmedal på bortebane tysdag kveld.

Ifylje rapportane vi har fått, spela Tambar ball i hatt med heimelaget i store deler av fyrste omgang, og etter spel og sjanser burde dei ha leda med både 4 og 5 mål til pause. Men det vart med den eine scoringa til Tambar før kvilen, då Aleksander Fauske Helgås sendte Tambar i leiinga. Dette vart også pauseresultatet.

I andre omgang utligner heimelaget til 1-1, før dei scorer ytligare to mål, og har snudd kampen og leier 3-1 ut i andre omgang.

Men Tambar kjem sterkt tilbake. Geir reduserer til 2-3, medan Iben Munkvold utligner til 3-3 på straffe, som også vert sluttresultatet.

Ifylje rapportane frå Askvoll, var dette eit flatterande resultat, og det var noko misnøye i Tambarleiren etter kampen. Tambar var det beste laget, både i fyrste og andre omgang, og burde ha avgjort kampen til sin fordel. Fortsatt ifylje rapportane vi har fått der utifrå.

Sjølv med eit poeng, mot Askvoll/Holmedal på bortebane, har laget sanka fem poeng på dei tre siste kampane sine. Og vi ser fram til kamp at på Naustdal stadion neste tysdag, då dei møter topplaget Florø 3 til kamp.

6.divisjon avd.2

Askvoll/Holmedal-Tambar 3-3 (0-1)
0-1 Aleksander Fauske Helgås
1-1 AHIL
2-1 AHIL
3-1 AHIL
3-2 Geir Andre Troland
3-3 Iben Munkvold (str)

Tambar:
Gunnstein Vefring
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Joakim Høyseth Engebø
Vegard Gillestad
Henrik Engebø Hundershagen
Aleksander Fauske Helgås
Martin Skilbrei
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold
Even Espeland
Geir Andre Troland
Espen Eithun Langedal
Jørgen Angvik Helgheim
Kristoffer Hammarset