Bilde: F.v. Marius Herstad (a-lag), Ivar Longvastøl (keepertrenar), Thomas Dobbe Personbråten (a-lag), Henrik Kongsvik Lien (gutelag) og Julie Seljeseth Øverland (jentelag.

Keeperane er spelarar som oftast ikkje får nok spesialtrening, og kanskje er dette noko ein ser mest i dei mindre klubbane. Sjølv om trenarane til Tambar har hatt meir fokus på keeperane på lagstreningane sine, blir alikevel eigentrening viktig for å bli ein god målmann.

At sisteskansen treng litt ekstra på treningsfronten, har også Ivar Longvastøl sett. Ivar har sjølv vore trenar for fleire av dei aldersbestemte laga i Tambar. Dette gav han seg med for ein del år sida, etter å ha vore med på trenarsida i ein «mannsalder».

Når ein fyrst har holdt på med fotball ei stund, kjenner vi alle til at det er vanskeleg å gi seg heilt med denne vanvittig kjekke idretten. Det var difor svært kjekt då Ivar tok opp att (keeper)hansken og ynskja å gi eit treningstilbod for keeperane til Tambar.

I fleire år har han no teke ansvar for treningar til keeperane til klubbens a-lag, noko som har gjort at Tambar har hatt to gode og jamne a-lagskeeperar som presterer godt. Og som har hatt ein god utvikling.

Ivar har den seinare tida utvida treningsgruppa med litt fleire av keeperane til Tambar, der både jentekeeperane, gutekeeperane og a-lagskeeperane trener ilag.

Søndag kveld hadde Ivar nok ei god treningsøkt med fire ivrige keeperar i flomlyset på kunstgraset på stadion.

Marius Herstad (a-lag) har vore med både på aldersbestemte lag og a-lag i Tambar, men har hatt ein pause frå fotballen dei siste åra. Han starta oppatt med treningar i vår, då a-laget stod utan keeper.

Henrik Kongsvik Lien (gutelaget) har også teke seg ein liten fotballpause, før han starta oppatt i sommar. Han deler keeperplassen på laget med Lars Iver Lien Espeland.

Julie Seljeseth Øverland (jentelaget) er etter kvart blitt ein rutinert keeper. Ho har vore innom både sonelag og kretslag, og er ein av to keeperer på kretslaget J15 til Sogn og Fjordane.

Thomas Dobbe Personbråten (a-lag) har stått i mål både på aldersbestemte lag og a-lag for Tambar. Denne sesongen har han spelt for Anga (5. og 6.div), men er tilbake i Tambardrakt neste sesong.