Tambar G15 tapte den fyrste kampen under KM sluttspelet innandørs i Trivselshagen på Sandane lørdag kveld, der Jotun vann 1-0. Deretter gjorde Tambargutane «reint bord» i dei innleiande kampane sine.
Og det stoppa ikkje der. I semifinalen vann laget 3-2 over eit godt lag frå Svelgen/Bremanger, og laget var dermed klar for finalen.
I finalen møtte Tambar Jotun, som dei hadde tapt for i den første kampen i dei innleiande kampane. I ein spennande finalekamp fekk Tambargutane revansje, og kunne løfte den største pokalen etter 2-1 seier over gutane frå Øvre Årdal.
Vi gratulerer gutane med KM tittelen og som dei beste G15-laget i fylket, og til trenarane Roger Edvardsen og Geir Personbråten.
Innleiande kampar G15:
Tambar-Jotun 0-1
Eid-Tambar 2-4
Tambar-Kaupanger 1-0
Måløy-Tambar 0-1
Semifinale G15: Svelgen/Bremanger-Tambar 2-3
Finale G15: Tambar-Jotun 2-1
Kampar J19:
Dale-Tambar 0-1
Tambar-Stryn 0-2
Sandane-Tambar 3-0
Tambar-Eid 0-0
Førde-Tambar 2-0
Tambar J19 spelte jamne kampar i årets KM sluttspel. KM tittelen gjekk til Sandane etterfulgt av Førde og Stryn. Tambar enda på 5.plass.
Tambar stilte i klasse J19, der alle jentene til Tambar er 17 åringar. I mål for Tambar stod Tambar J15 sin keeper.

Foto: Inger Helen Savland.