På Tambarskjelvar Fotball sitt årsmøte vart det valgt ny leiar og nestleiar. Sittande leiar, Gunn Kristin Steindal, har signalisert at ho ynskjer avløysning som leiar i fotballgruppa, og går av etter eit år i leiarstolen.
Ny leiar blir Espen Eithun Langedal. For alle som er interessert i fotballen i Naustdal, har god kjenskap til Espen. Han har dei siste åra sete i styret i fotballgruppa for Tambarskjelvar og har hatt ansvarsområder som blandt anna trener/spelar koordinator og ansvarlig for barnefotballen. I tillegg har han vore trener for ulike lag i klubben i mange år.
Nestleiar Frank Cirotzki takker for seg som nestleiar, etter at han rykka ned frå leiar til nestleiar i fjor.
Ny nestleiar i fotballgruppa til Tambarskjelvar blir Bjørn-Ole Hjørnevik. Bjørn-Ole har sete i styret det siste året, og har elles hatt roller som ungdomsansvarlig og oppmann for fleire lag i Tambarskjelvar dei siste åra.
Både Steindal og Cirotzki fortset som syremedlemmer i Tambarskjelvar Fotball.
Både den nye leiaren og nestleiaren ynskjer å kome i kontakt med fleire som vil være med å bidra rundt fotballen og arrangement i Tambarskjelvar Fotball.
Bilde: Ny nestleiar i Tambarskjelvar Fotball, Bjørn-Ole Hjørnevik og leiar Espen Eithun Langedal.