Banas yngste spelar, var banas beste, då Tambar vann med konfortable 4-0 mot Tempo tysdag kveld. Med sin arbeidskapasitet, teknikk og kloke valg, hadde Miguel Grønli Garfors ein god dag på kunstgraset på Naustdal stadion tysdag kveld. I tillegg scora han eit fint mål, då han sende Tambar opp i leiinga i andre omgang. Og ein glitrande assist på mål nummer tre.

Alikevel fekk han hard konkurranse av Tambarkaptein, Thomas Liabø Rognsø, i kveld. For eit ekte hattrick er ikkje kvardagskost for midtbaneslitaren til Tambar, men i kveld serverte han tre flotte mål på rappen.

Det vart ein jamnspelt fyrsteomgang, og langt frå noko sjansebonanza, så 0-0 til pause var geit nok.
Andre omgang blei langt bedre, og i denne omgangen kom også måla. Omgangen var ikkje mange minutta gamal då Miguel dansa seg forbi forsvararane til gjestane og sendte ballen kontant i kassa.

Også Thomas Rognsø vil være med på dansen, og han legg to-tre forsvarar bak seg før han knaller ballen bak keeper og i nota. Tambar leder 2-0.

På ny er Miguel på veg inn i boksen, går mot kortlinja og legg førtifem grader ut i feltet. Dette blir ein perfekt pasning til kaptein Rognsø, som har kome seg fri frå sin oppassar. Med eit velplassert skot sender han Tambar opp til 3-0.

På ny er Tambar sin kaptein på farten, då han spelar ein fin vegg med Vidar Standal og scorer sitt tredje mål for kvelden.

Om ei veke møter Tambar Anga borte. Neste heimekamp er tysdag 20.september mot Eikefjord.

6.divisjon
Tambar-Tempo 4-0 (0-0)
1-0 Miguel Grønli Garfors
2-0 Thomas Liabø Rognsø
3-0 Thomas Liabø Rognsø
4-0 Thomas Liabø Rognsø

Dommer: Sureskumar Kathiravel (Eid IL)

TAMBAR SITT LAG;
Thomas Dobbe Personbråten
August Rafdal Berger-Nilsen
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Henrik Engebø Hundershagen
Martin Skilbrei
Thomas Liabø Rognsø
Nikolai Førde Ramsdal
Andreas Yung Haukeland
Miguel Grønli Garfors
Gunnstein Vefring
Vidar Standal
Andreas Kjørsvik Vatne
Even Espeland
Truls Savland Røyseth
Jonas Starheim

Bilder frå kampen:

Bilde: Tremålscorar Thomas Rognsø etter at han har sendt Tambar opp i 2-0. Foto: FC