Styret i Tambarskjelvar Fotball skal snart ha sitt årlige årsmøte, og nokre av dei sittande styremedlemmene har signalisert at dei ynskjer å bli erstatta av nye.
Etter å hatt ein liten runde blant tenkte kandidater, har ein ikkje lukkast å rekruttere fleire. Styret går difor ut på heimesida for høyre om nokon kunne tenke seg eit slikt kjekt og viktig verv for fotballen i Naustdal.

Styret i dag har seks medlemmer, fire menn og to damer. Det kan nemnast at styremedlemmane er ein kjekk gjeng og gjennomfører styremøta raskt og konstruktivt.

Er du mann eller dame, ung eller gamal, håper styret at du tek kontakt og vil bli eit styremedlem i Tambar Fotball. Om du er litt i tenkeboksen og lurer på noko rundt det å bli styremedlem, kan du kontakte leiar Sven Carlsen, tlf: 91 36 46 30 eller nestleiar Bjørn-Ole Hjørnevik, tlf: 95 29 61 64.