6.divisjon avd.2
Hyllestad/Dale 2-Tambar 3-2 (2-0)
1-0
2-0
2-1 Sigve Heggedal Longvastøl
2-2 Sigve Heggedal Longvastøl
3-2
Trener Geir Hoff har fortsatt vanskar med å skjøne at Tambar tapte bortekampen mot Hyllestad/Dale 2 tysdag kveld, i ein kamp der Tambar produserte sjanser i bøtter og spann.
Men laget møtte eit hypereffektivt heimelag som knapt nok skapte meir enn dei tre målsjansane dei scora måla sine på.
Medan Tambar har kontroll på banespelet og skaper sjanse på sjanse i første omgang, er det Hyllestad/Dale 2 som scorer i denne omgangen. Heimelaget går til pause med ein 2-0 leiing.
I andre omgang fortset Tambar med god fotball og får etterkvart løn for strevet x2, då Sigve er frampå og set inn to mål og utligner til 2-2.
Tambar får tildelt straffe på stillinga 2-2 og kunne med nettkjenning her, snu kampen. Men dessverre vart straffa redda av heimekeeperen. Like etter kontrer Hyllestad/Dale 2, scorer og går opp til 3-2.
Sjølv om toppscorer Sigve Heggedal Longvastøl viser seg fram som målkonge nummer ein i laget, hadde både han og fleire av spelarane målsjanser i massevis. Både utur og udyktigheit gjer at laget kun blir ståande med måla til Sigve, der Tambar i tillegg hadde ein straffebom i andre omgang. Trener Hoff meiner at om Tambar hadde hatt same uttellingsprosent som heimelaget i dag, ville laget hans hatt minst 10 baller i målnota.
Til tross for sjansesløseriet og eit surt tap mot Hyllestad/Dale 2, var det mykje positivt med måten Tambar gjennomførte kampen på, og kanskje den beste kampen laget har spelt så langt. Hoffen seier laget var gode i 2×45 minutter, speler god fotball, er tolmodige og som nemnt, skaper ein drøss av sjanser. Men så var det dette å sette sjansane …..
Siste kamp før laget tek sommarferie, er førstkomande tysdag. Då møter laget Atløy på Naustdal stadion kl.19:00.