Etter to knepne tap og ein uavgjort i haustens tre første kampar, smakte det godt med ein seier att for trener Hoff og spelarane.
I bortekampen i kveld hadde laget grei kontroll på Askvoll/Holmedal, og kunne returnere til Naustdal med 3-1 seier og tre poeng. Både Issayas og Eirik sette inn sine første mål for sesongen i kveld, medan Jesper kom opp på tre scoringer etter eit mål i kveldens kamp.

6.divisjon avd.2

Askvoll/Holmedal-Tambar 1-3 (0-3)
0-1 Jesper Tomassen
0-2 Issayas Fanuel Efrem
0-3 Eirik Engen Skadal
1-3 AHIL

Dommer: Per Olav Erikstad (Jølster IL)

Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Eirik Engen Skadal
Aleksander Fauske Helgås
Vetle Holsen Kyte
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hukset
Issayas Fanuel Efrem
Jesper Tomassen
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgaard Nordheim
Iben Andre Munkvold
Thomas Dobbe Personbråten
Andreas Kjørsvik Vatne
Ali Adam Jacob Yousef
Tobias Ekroll Hoff

Etter ein litt tråe start på haussesongen, kom den første seieren etter sommarpausen i bortekampen mot Askvoll/Holmedal i kveld.
Spelemessig var Tambar heilt på høgde i bortekampane mot Høyang 2 og Fure i dei to første kampane i haust, men mangla det lille ekstra til å dra i land seieren i desse to kampane.
I sist kamp, heime mot Førde 3, var laget det beste laget og burde klart å avgjere kampen til sin fordel, men måtte ta til takke med 0-0 og kun eit poeng.

Difor var det godt for laget å kunne gå av bana med ein trepoenger i Askvoll i kveld, no når haustinnspurten starter. Sjølv om laget har gått glipp av for mange poeng i løpet av sesongen til å klare å kjempe heilt i toppen, trur vi att laget kan klare å sanke poeng i alle sine gjenståande kamper i haust. Det blir sjølvsagt vanskeleg for nokon av laga å vippe Anga ned frå tabelltoppen, men alikevel trur vi at Tambar er svært lystne på å revansjere tapet laget hadde mot dei i Førde i vår.

Og nettopp Anga skal Tambar møte i neste runde. Den kampen går på Naustdal stadion tirsdag 5.september kl.19:00.

Resultater og tabell