Tambar må vente endå ein runde på sine første poeng i årets 6.divisjon, etter at det vart tap for Tempo på heimbane tysdag kveld. Etter ein god fyrste omgang og leiing, rakna det det for laget i andre omgang.
6.div avd 2
Tambar-Tempo 2-5 (2-1)
1-0 Tore Klopstad (8 min)
2-0 Geir Andre Troland (37 min)
2-1 Benjamin Eggen (44 min)
2-2 Thomas Svinø Strømmen (50 min)
2-3 Andreas Indrevær Brandsøy (68 min)
2-4 Andreas Indrevær Brandsøy (70 min)
2-5 Tourfa Mohamad Ali Kojok (90 min)
Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Ali Khaled Almohamad
Thomas Mathias Solheim
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Geir Andre Troland
Anders Aase
Joakim Høyseth Engebø
Martin Skilbrei
Jarle Haagensen Nøstdal
Torstein Vonen
Vegard Gillestad
Fredrik Herstad
Tore Klopstad
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Tambar var det klart beste laget I første omgang, og årets første mål på heimebane denne sesongen var det Tore Klopstad som fekk æra av å sette. Berre åtte minutter ut i kampen kunne heimepublikummet juble for heimemål.
Tore skulle vel strengt tatt ha sett fleire baller i nota i første omgang, og berre ein god Tempokeeper hindra han i det då han dribla seg på elegant vis forbi heile Tempo-rekka ved eit par høve.
Lyst såg det alikevel ut for heimelaget, då Geir Andre Troland auka Tambarleiinga til 2-0 etter 37 minutter. Troland var den tøffaste i kampen mot forsvararane til Tempo, og lurte ballen forbi sisteskansen til gjestane.
Litt mot spelets gang fekk Tempo den viktige reduseringa heilt på tampen av omgangen, då eit frispark vart sett over alt og alle i Tambarboksen og i målnota.
Etter at Tambar var det beste laget i første omgang, tok Tempo initiativet og var det beste laget i andre omgang. Med midtbanegiganten Brandsøy i spissen, klarte ikkje Tambar heilt å demme opp for angrepa frå gjestane.
Med slitne kroppar og føtter i Tambarleiren, måtte heimelaget berre innsjå at Tempo vart noko for sterke i denne omgangen og vann andre periode med fire mål.
Tambar spelte ein god første omgang, der dei overraska med glimrande fotball i perioder. Laget skapte mykje framover, og det hadde ikkje vore noko å sei på om leiinga hadde vore dobbelt så stor til pause. Vi har difor trua på at sesongens fyrste poeng kjem i neste kamp. Då møter dei Gaular/Dale 2 på bortebane. Neste heimekamp er mot fredag 24.mai mot Hyllestad.
Resultat og tabell 6.div avd 2