
Tambar sitt sitt a-lag spelar sin fjerde kamp for sesongen, når dei møter Gaular/Dale 2 på Sande stadion i kveld kl.19:00. Er det i kveld karane skal juble for seier og ein etterlengta trepoenger for første gong i år?
Med eit knepent 0-1 tap mot Førde 3 i åpningskampen og like knepent 1-2 tap borte mot Fure i den andre serierunden, viste laget gode takter mot Tempo i den tredje serierunden på Naustdal stadion. Ein fyrsteomgang det lukta litt svidd av, vart kampen desverre øydelagt av ein smule kollaps i andre omgang. Med to slike førsteomganger i kvar kamp, kunne laget slått kven som helst. I allefall i 6.divisjon avd.2!
Gaular har på lik linje med Tambarskjelvar, slitt med rekrutteringa på seniornivå sist haust og vinter. Laget har difor gått ilag med Dale for å klare å stille lag i årets 6.divisjon. Laget står med fire poeng før kveldens kamp mot Tambargutane, etter ein 4-0 seier mot Eikefjord og 2-2 mot Førde 3.
Tambar står med 3 fulltreffarar etter dei tre første kampane, der Fredrik Herstad, Tore Klopstad og Geir Andre Troland troner på toppen av toppscorerlista.
Måtte det bli mange mål i nota til heimelaget i kveld!
Det er full serierunde i 6.div avd 2 i kveld. Her finn du dei andre kampane.