Bilde: Even Espeland scora tre mål då Tambar vann stort mot Høyang 2 i kveld.

Tambar tok tre nye poeng, då laget vann bortekampen mot Høyang 2 på Sletta kunstgrasbane i Høyanger i kveld. Laget stadfester dermed den gode haustformen og spelte sin femte kamp på rad utan tap.
Kveldens Tambarspelar må bli Even Espeland. Han kom inn i andre omgang og sette ballen bak heimekeeperen heile tre gonger og dermed kveldens hattrick-konge 🙂

Tambar fekk ein god start i Høyanger og gjekk opp i leiinga etter berre få minuttar. Ein corner frå Henrik Aase gjekk rett i nota, og Tambar leder 1-0.
Tambar aukar leiinga til 2-0 midtvegs i omgangen, då Iben Andre Munkvold nok ein gong scorer for Tambar. Dette er også resultatet då laga tek pause.

Andre omgang er ikkje mange minutter gammel når Henrik Engebø Hundershagen aukar til 3-0.
Kveldens hattrick kjem ved Even Espeland, som endeleg fekk uttelling på sjansane sine. Han kom inn i andre omgang og fekk sine første mål i Tambardrakt denne sesongen.
I tillegg kom også ein anna gamal Tambar-travar på scoringslista i kveld, då Jørgen Angvik Helgheim sette inn Tambar sitt sjette mål.

Det blir rapporttert frå Høyanger om mykje bra spel frå Tambar også i kveld, der laget hadde full kontroll på laget frå Sogn.

Neste tysdag spelar Tambar sin siste kamp for sesongen. Då vert det eit skikkeleg knokkeloppgjer, då dei oransjekledde frå Eikefjord kjem på besøk på Naustdal stadion. Her blir det liv, rai-rai!!

6.divisjon avd.2

Høyang 2-Tambar 1-7 (0-2)
0-1 Henrik Aase
0-2 Iben Andre Munkvold
0-3 Henrik Engebø Hundershagen
0-4 Even Espeland
0-5 Even Espeland
1-5 Høyang 2
1-6 Jørgen Angvik Helgheim
1-7 Even Espeland

Dommer: Raymond Mjømen (Hyllestad IL)

Tambar:
Marius Haugen Herstad
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Geir Andre Troland
Ole-Johan Steindal Vonen
Henrik Engebø Hundershagen
Henrik Aase
Sander Kibsgaard Nordheim
Aleksander Fauske Helgås
Gunnstein Vefring
Iben Andre Munkvold

Martin Hjørnevik Kibsgaard
Even Espeland
Jørgen Angvik Helgheim
Vegard Gillestad
Nikolai Birkeland Stølsvik
Muetez Jemal Tahir Ahmed