Bilde: Kveldens Tambarlag mot Eikefjord i kveld,

Tambar laga på ny målfest på Naustdal stadion tysdag kveld, då dei i sesongens siste seriekamp sender dei oransjekledde gjennom tunnelen og ut til Eikefjorden med heile 1-7 i sekken.
Kampen mot Eikefjord var den sjette kampen til Tambar på rad, der dei tek eit eller tre poeng, noko som stadfester at laget har hatt ein god oppsving på formen i haust.

Tambar går opp i leiinga med scoring av Medo etter vèl kvarteret ut i første omgang, der laget hadde vore frampå ved fleire høve før 1-0 scoringa kom.
Tambar viser mykje god fotball, akkurat slik vi har sett mykje av frå laget i haust. Og det er difor heilt fortent då Iben set inn sitt første mål for kvelden, og aukar Tambar si leiing til 2-0.
Ei redusering til gjestane kjem like før pause, der ekspertane på tribuna meinar at i alle fall tre Eikefjordspelarar står i offside ved scoringa. Men kveldens pipeblåsar ser ikkje det, og laga går difor til pause med 2-1 til Tambar.

I andre omgang må vi vente i tolv minutter før omgangens første ball blir ekspedert i mål. Sander er på veg gjennom då han blir felt innafor sekstenmeteren, og Raggen er ikkje i tvil då han bles og peiker på straffemerket. Iben er sikker då han set ballen i mål på straffa, og Tambar er oppe i ein 3-1 leiing.

Berre fire minutter seinare er Iben frampå att, og set inn si tredje scoring og Tambar sitt fjerde. Og no skulle vi sleppe å vente lenge på neste Tambarmål. Gutespelaren Martin er komen inn i andre omgang, og han gjer rett i å prøve storslegga si frå 22,5 meter. Og det blir ikkje feil då ballen blir klistra på innsida av målstanga, og ein Eikefjordkeeper i full strekk må berre konstantere at nok ein ball hamnar i målnettet bak han.

Hattick-kongen frå Høyangkampen i sist serierunde, Even, er også komen inn i andre omgang. Nok ein gong kjem han på scoringslista, då han åleine med keeper set ballen iskaldt forbi og i mål.

Den endelege spikaren i kista, set Jørgen like før slutt. Sander tek med seg ballen heilt inn i boksen og får ein uheldig berøring på ballen då han skal avslutte. Ballen hamnar i føtene til Jørgen, som får æra av å sette kampens siste scoring i ein kamp der Tambar knuser Eikefjord med heile 7-1.

Nok ein kveld er det kjekt å være på stadion og fylje a-laget. Laget spelar mykje fin fotball, og er etterkvart blitt svært solide i alle ledd. Marius i Tambarmålet, som starta på att som keeper i vår, har vist god utvikling i år. I kveld hadde han fleire gode og avgjerande redningar.
Forsvaret har som oftast god kontroll, der Ali med sin uredde og oppofrande spelestil går i spissen. På midtbana har laget mange gode spelarar å velje i, der vi merka oss Henrik som var høgt og lavt, og la ned mange meter på kunstgraset i kveld. Og Sander på kant, som med sin slepne teknikk og hurtigheit, stadig skaper sjanser på si høgre side. På topp har Tambar både Gunnstein og Iben, som laga mykje krøll for forsvaret til motstandarane.
I tillegg har Tambar gode spelarar som starter på benken, og som viser at dei kan sette sitt preg på kampen når dei kjem inn.

Trenarteamet Langedal, Espen og Jan Magne, har gjort ein formidabel jobb med dette laget i år. Frå uvissa om ein måtte trekke a-laget ved sesongstart på grunna av mangel på spelarar, til å avslutte med storseier mot topplaget Eikefjord i haustens siste kamp, viser at både trenarane og spelarane har gjort mykje rett i løpet av sesongen.

Resultatet mot Eikefjord i kveld, må mest trulig inn i historiebøkene. Vi har prøvd å leite oss tilbake til resultat frå kampane mellom desse to laga tidligare, og kan ikkje finne at Tambar nokon gang har vunne over naboane frå andre sida av tunellen med så store siffer.

6.divisjon avd.2

Tambar-Eikefjord 7-1 (2-1)
1-0 Muetez Jemal Tahir Ahmed (18 min)
2-0 Iben Andre Munkvold  (35 min)
2-1 Petter Svardal Langeland (44 min)
3-1 Iben Andre Munkvold (57 min, str.)
4-1 Iben Andre Munkvold (61 min)
5-1 Martin Hjørnevik Kibsgaard (65 min)
6-1 Even Espeland (70 min)
7-1 Jørgen Angvik Helgheim (87 min)

Dommer:  Ragnar Åmot (Jølster IL)

Tambar:
Marius Haugen Herstad
Ali Khaled Almohamad
Andreas Kjørsvik Vatne
Geir Andre Troland
Ole-Johan Steindal Vonen
Henrik Aase
Sander Kibsgaard Nordheim
Joakim Høyseth Engebø
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Gunnstein Vefring
Iben Andre Munkvold   

Martin Hjørnevik Kibsgaard
Even Espeland
Vidar Standal
Fredrik Herstad
Jørgen Angvik Helgheim
Vegard Gillestad
Nikolai Birkeland Stølsvik

TABELL 6.divisjon avd. 2

 

Bilde: Trenarane Espen og Jan Magne Langedal og Tambar før kampen mot Eikefjord i kveld.