Tambar måtte gå av bana utan poeng, då laget møtte Sogndal 1 til kamp på Naustdal stadion mandag kveld. Tambarjentene fekk ein dårlig start på kampen og eit par uheldige mål i mot i første omgang, som nok prega jentene litt i starten av kampen.
Utover i første omgang heva laget seg noko og jentene kjempa godt mot eit bra Sogndalslag, og det var fortent då Trine Standal reduserte til 1-3 på tampen av første omgang.

I andre omgang var jentene frå Sogndal hakket bedre enn Tambar. Og med ytterliggare to scoringar til Sognejentene, kunne dei reise tilbake til Sogn med 5-1 seier og tre poeng.

J15/17 11er
Tambar-Sogndal 1-5 (1-3)
0-1 Sogndal
0-2 Sogndal
0-3 Sogndal
1-3 Trine Standal
1-4 Sogndal
1-5 Sogndal

God dommer: Svein Carlsen