Tambar og Eikefjord spelte 2-2 i treningskampen på Naustdal stadion torsdag kveld.

Tambar gjekk opp i leiinga etter eit perfekt slått frispark, der Marius Fagerheim Aase hedda ballen kontant i mål. Marius var frampå ved fleire høve gjennom kampen, der han viser at han har pondus og er farlig dei gongene Tambar kjem til innlegg.

Eikefjord kjem tilbake og utlignar i første omgang, og laga går til pause med 1-1.

I andre omgang kan Tambar på ny gå opp i leiinga, men ballen går på utsida av stanga då Eirik Engen Skadal skal styre heddinga si i nærast åpent mål.
I stadenfor er det Eikefjord som tek leiinga då dei minutter seinare er frampå og scorer.

Mot slutten av omgangen utligner Tambar til 2-2. Miguel Garfors tek ansvar på venstrekanten og med eit velplassert skot frå like innafor sekstenmeteren sender han ballen til sides for Eikefjordkeeperen og i mål. Miguel spela ein god kamp i kveld, og den snart 15 år gamle karen jobba godt gjennom heile kampen og var frampå med fleire gode målsjanser.

Kampen vart spelt med tre omganger på tredve minutter, og tredje omgang vart mållaus. Dermed enda kampen 2-2, i ein jamnspel kamp mellom laga.

Bilde: Miguel Garfors og Marius Fagerheim Aase scora Tambar sine mål mot Eikefjord.