Tambar stod med tre strake seierer då laget tok turen til Skeihallen på Jølst og kamp mot Jølster 2 tysdag kveld. Til kveldens bortekamp reiste Tambar utan dei to faste keeperane sine, og nok ein gong måtte midtstopper Gunnstein Vefring ta på seg keeperhanskane. Dette har han gjort før og klart seg godt, noko han også gjorde i kampen mot Jølster 2.

Det var heimelaget som kom best i gang på kunstgraset inne i hallen, og laget tok leiinga tidlig i første omgang. Sjølv om det vart ein jamnspelt omgang, hadde Jølster 2 nokre kjappe spelarar som Tambar hadde litt problemer med å få has på.
Men Tambar stod i mot, og kunne utligna då laget fekk tildelt straffe midtvegs i omgangen. Men desverre vart det bom for Tambar sin kaptein, og heimelaget var fortsatt i føringa. Og det skulle sjå ut som laga skulle gå til pause med leiing til heimelaget. Men heilt på tampen av omgangen får Tambar utligninga si, då Henrik Aase er frampå og set inn 1-1.

Andre omgang starter mykje likt slik fyrste omgang starta. Jølster 2 er tidlig frampå og scorer eit tidlig mål og 2-1.
Men leiinga til heimelaget skulle ikkje vare lenge. Berre minutter etter tek Martin Hjørnevik Kibsgaard ansvar. Med eit førti-meters raid på høgrekanten og det påfyljande skotet, utligner han til 2-2.

Etter utligninga er det Tambar som styrer spelet ute på bana. Laget skapar mykje og kjem til ein del målsjanser. Men fleire mål vert det ikkje i kampen, og Tambar spelar med det sin første uavgjort denne sesongen.

6.divisjon
Jølster 2 – Tambar 2-2 (1-1)
1-0 Jølster 2
1-1 Henrik Aase
2-1 Jølster 2
2-2 Martin Hjørnevik Kibsgaard

Dommer: Asbjørn Kjetil Grinde Håre (Fjøra FK )

Tambar sitt lag:
Gunnstein Vefring
August Rafdal Berger-Nilsen
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Andreas Kjørsvik Vatne
Martin Skilbrei
Vidar Standal
Henrik Aase
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Thomas Liabø Rognsø
Michael Kristiansen Johannessen
Preben Kjeilen Johnsen
Miguel Grønli Garfors
Joakim Høyseth Engebø

Bilde: Henrik Aase scorer Tambar sitt fyrste mål i tysdagens kamp mot Jølster 2.