Tambar G15 sitt 11er lag og Eikefjord G15 sitt 7er lag har oppretta eit samarbeid for den komande haustsesongen. Begge klubbane sleit med nok spelarar til laga sine i vårsesongen, og stiller i haust med laget Tambarskjelvar/Eikefjord i 11er serien.

Eikefjordingen Erling Austerheim blir hovudtrener for det nyoppretta laget. Han var trenar for Eikefjord sitt 7er lag i vår. Sven Carlsen og Knut Galaasen frå Tambar blir med vidare i trenarteamet, og det same gjer lagleiar Alexis Thingnes.

Tambar/Eikefjord spelte sin første seriekamp fredag kveld, då dei møtte Florø 2 på bortebane. Det vart eit knepent 1-3 tap for det nyoppretta laget, der målet til Tambar/Eikefjord vart scora av Steffen Steindal.

Neste kamp for Tambar/Eikefjord er søndag 28.august mot Førde 2. Denne kampen blir spelt i Eikefjord.