Gutelaga til Tambarskjelvar og Eikefjord slo seg saman i sommer, og spelte sin andre kamp som Tambar/Eikefjord sist søndag.
Kampen vart spelt i Eikefjord, og dei frammøtte på tribuna fekk sjå ein målrik kamp. I tillegg til at heimesupportarane kunne glede seg over mange mål, kunne dei også juble over laget sin første seier etter samanslåinga.
Kampen mot Førde 2 enda 5-4 til laget iført Tambardrakter, der Miguel Grønli Garfors scora alle fem måla til Tambar/Eikefjord.

I neste kamp, den 18.september, spelar laget borte mot Høyang. Neste heimekamp blir spelt på Naustdal søndag 25.september, då møter dei Førde 3.

Tambar/Eikefjord stillte med desse spelarane:
Lukas Ryland Furelid
Kristoffer Bruflot
Brede Lesto
Sjur Claussen Thingnes
Magnus Ullaland Endestad
Miguel Grønli Garfors
Sebastian Bergby Carlsen
Bienvenue Nzabonimpa
Steffen Steindal Sandvik
Emil Lødøen Hove
Håvard Austreim
Brage Galaasen
Kristian Gauksrud Bale

Bilde: Tambar/Eikefjord etter 5-4 seieren mot Førde 2. Foto: Alexis Thingnes.