Tambar tapte lokaloppgjeret og toppkampen mot Eikefjord då laga møttes til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld. Med seieren til dei oransjekledde, kunne dei også klatre til toppen av tabellen etter denne serierunden.

Det var Tambar som kom best i gang, for allerede etter fire minutters spel sendte Vidar Standal laget opp i leiinga.
Men gjestane frå Eikefjorden slo raskt tilbake, og snudde kampen med to kjappe scoringar tolv minutter ut i kampen.
Resten av omgangen vart ein jamnspelt affere, der begge laga hadde sine sjanser til å score. Den største sjansen hadde Tambar, då Vidar var frampå minuttet før pause med ein kanon. Men uheldigvis small ballen i tverra og ned på målstreken, og vart deretter klarert av Eikefjordkeeperen.

Tambar gjekk hard ut i andre omgang for å få ei utligning, og kjem til fleire gode sjanser. Men når ikkje Tambar klarer å få sett ballen i nota, benytter Eikefjord sjansen når dei får den. Mot spelets gang sender måltjuven Book gjestane opp i 3-1 leiing omlag tolv minutter ut i andre omgang.

Tambar jobber på for å hente inn att leiinga til Eikefjord, men i dag maktar ikkje Tambar å få fleire mål. Og på tampen av kampen går Eikefjord opp til 4-1, og kan gå av bana med tre poeng.

Etter denne serierunden, klatrer Eikefjord opp på tabelltoppen med 27 poeng. Tambar står med sine 25 poeng etter kveldens tap. Anga, som låg på tabelltopp før denne serierunden, tapte 4-3 på bortebane mot Svelgen/Bremanger. Dei blir difor stående med sine 25 poeng. Sjå Tabell.

Neste tysdag spelar Tambar sin siste heimekamp denne sesongen, då møter dei Svelgen/Bremanger. Siste kampen er borte mot Jølster 2.

6.divisjon
Tambar-Eikefjord 1-4 (1-2)
1-0 Vidar Standal (4.min)
1-1 Øyvind Sørbø (10.min)
1-2 Martin Agledal (12.min)
1-3 Kristoffer Book (56.min)
1-4 Vegard Henriksen (83.min)

Dommer: Simen Erdal Ones (Sandviken, IL)

Tambar sitt lag:
Gunnstein Vefring
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Andreas Kjørsvik Vatne
Jonas Starheim
Martin Skilbrei
Nikolai Førde Ramsdal
Vidar Standal 
Miguel Grønli Garfors
Thomas Liabø Rognsø
Andreas Yung Haukeland
Kristoffer Hammarset
Even Espeland
Truls Savland Røyseth

Bilder frå kampen (fyrste omgang):