Årets sesong starta i dag for 6.divisjon avd 3, og Tambar starta med bortekamp mot Florø 3. Sjølv om det vart ein noko treg start for nyetrenaren Thomas Rognsø og Tambarlaget, kom dei sterkt tilbake i andre omgang og kunne sikra seg tre poeng i årets første seriekamp.
For det var Florø 3 som som åpna kampen best, og som gjekk opp i leiinga etter berre fem minutter. Då omgangen gjekk mot pause, fekk Tambar si utligning til 1-1. Andreas Vatne var frampå og klinka ballen i mål via stanga.
Helt på tampen av omgangen sette Florø 3 sitt andre mål, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til heimelaget.
Det var eit friskare Tambarlag ute på bana i andre omgang, der dei pressa høgare og skapte mange gode målsjanser utover omgangen. Og dette resulterte i to nettkjenningar til Tambar.
2-2 sette Even Espeland inn tidleg i andre omgang, då han blåste ballen i nota frå 7-8 meter. Og på ny var Even frampå ikkje mange minuttane etter si første scoring. Denne gongen med fint forarbeid av Martin Hjørnevik Kibsgaard, som runder keeper og serverer ballen på sølvfat til Even, som har få problem å nette frå ein meters hold.
Dermed ein god sesongstart for Tambar, som kan returnere til Naustdal med tre velfortjente poeng.
6.divisjon avd 3
Florø 3 – Tambar 2-3 (2-1)
1-0 Florø 3 (5min)
1-1 Andreas Vatne (40min)
2-1 Florø 3 (45min)
2-2 Even Espeland (49min)
2-3 Even Espeland (52min)
Dommer: Simen Erdal Ones (Sandviken, IL)
Tambar sitt lag:
Gunnstein Vefring
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Eirik Engen Skadal
Andreas Kjørsvik Vatne
Martin Skilbrei
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Vidar Standal
Simon Dobbe Personbråten
Thomas Liabø Rognsø
Emil Lødøen Hove
Even Espeland
Aleksander Fauske Helgås
Andreas Yung Haukeland
Magnus Meier
Jonas Starheim

Bilde: Spelande trener for Tambar, Thomas Rognsø, kan juble for seier i sesongåpninga.