På søndag blir det folksomt på Naustdal stadion og ein flott dag for alle som liker fotball. Denne dagen blir årets første Kongleriket Turnering arrangert, og opp mot 500 fotballglade jenter og gutar inntek kunstgraset på stadion i Naustdal.
Rett i overkant av hundre lag har meldt seg på til turneringa, der klubbane Tambarskjelvar, Eikefjord, Jølster, Florø og Førde er representerte med lag både i jente- og guteklassane.
Naustdal stadion blir denne dagen delt inn i heile åtte småbaner, fordelt på fire 3er baner og fire 5er baner. Dermed vil det bli spelt åtte kampar samtidig frå kl.10.00 til ein avslutter på ettermiddagen i halv fem tida.
Kiosken er sjølvsagt åpen heile dagen, og mykje ekstra godt er å få kjøpt denne dagen til ein fornuftig pris. I tillegg til den faste kiosken, vil det bli sett opp eit stort salgstelt ved stadion, der ein finn eit rikholdig utvalg i både drikkandes og etandes.
Tambar Fotball ynskjer alle velkommen til stadion denne dagen, der mykje og kjekk fotballglede blir å sjå!

Bilde: Tidligare Kongleriket Turnering på Naustdal stadion.